...Ingrid og Eirik i den koseligaste leiligheten.
...20 minus i Majorstuas gater, men likevel kose seg med jobben.
...å gle seg på ein heilt ny måte til å komme heim etter jobb.
...å savne Jelsa, men mest av alt familien.
...å få fine julekort og gode telefonsamtalar som gjer at ein kjenner kor rikt velsigna ein er med ein så varm, nær, åpen, morsom og kjærlig familie eg har.
...å sitte i verdas beste armkrok heile kvelden.
...å bruke 100 telys på to veker.
...å sjå på alle som luftar hunden sin kl halv sju om morgonen, medan frukosten inntas.
...å sleppe små sukk over at juleferien ikkje er den same som då eg var student.
...å ha ein studentkjerast som har middagen klar når eg kjem frossen frå jobb.
...å ha besøk av gode vener og familie Og å vise fram heimen, for det er ganske stas.
...å takke Han gode der oppi himlen for alt han gjer og gir.
...å bake to sortar julekaker og å være stolt og nøgd med det!
...å være trøtt når klokka rundar ni om kvelden.
...å være oppe mykje lenger enn eg burde, berre fordi det er koseleg.

Foto: An-Magritt, www.romantiskretro.blogspot.com